Frukt og sider frå indre Sunnmøre
I fruktgrenda Linge ligg garden Lingebakken. Her driv vi med frukt og siderproduksjon og har gardsutsal. Kome på sidersmaking? Vi tek imot grupper etter avtale.
Ring oss gjerne på +47 97681432
På Lingebakken har det vorte dyrka frukt og bær i generasjonar. No blir garden driven av odelstausa Elida Brenna Linge og stockholmaren Peje Engström med god hjelp frå folka i kårhuset.
I utsalet vårt får du kjøpt både frukt og flytande varer, alt etter kva som er i sesong. Vil du ha moreller, er juli den beste månaden, august er plommemånaden, og i september/oktober er eplehausten og pærehausten i full gang.
Vi er stort sett på garden frå 09:00–17:00
+47 976 81 432
elida.linge@gmail.com